Utvikling for mva-kompensasjon til idrettsanlegg frå 2010

Nedanfor finn du tal og statistikk for kvart år tilbake til 2010.

Idrettsanlegg 2018

Av ialt 490 søknader vart 474 godkjende i 2018, 8 søknader vart avviste og 8 vart trekte. Samla godkjent søknadsbeløp var på 304 002686 kroner. Det vart ikkje full kompensasjon i 2018, avkortinga var på 6,25 %.

Idrettsanlegg 2017

I 2017 kom det inn 512 søknader. I alt 459 vart godkjende, 33 avviste, og 20 vart trekte. Samla godkjent søknadsbeløp var på 169 302 568 kroner. I 2017 vart det full kompensasjon, det betyr at alle som fekk godkjent søknaden fekk utbetalt beløpet det var søkt om.

Idrettsanlegg 2016

Av 419 søknader vart 396 godkjende i 2016, med eit samla godkjent søknadsbeløp på 192 271 948 kroner. Utbetalt beløp vart 191 862 328 kroner, som er omlag full kompensasjon (99,8 %) av det godkjende søknadsbeløpet. Totalt 23 søknader vart avvist/avslått, dette er færre enn tidlegare.

Idrettsanlegg 2015

I 2015 vart 407 av 451 søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg godkjent. Godkjent søknadsbeløp var på 171,9 millionar kroner. Inklusive ekstraløyving var ramma på 171,9 millionar kroner, som betyr inga avkorting i 2015.

Idrettsanlegg 2014

I 2014 vart 292 av 324 søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg godkjent. Ramma var i 2014 på 113,81 millionar kroner, godkjent søknadsbeløp var på 113,83 millionar kroner. Det vart difor ei avkorting i søknadsbeløpet på 0,02 %.

Idrettsanlegg 2013

I 2013 vart 212 av 246 søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg godkjent. Ramma var på 63,8 millionar og det vart tildelt tilsaman 62,3 millionar kroner.

Idrettsanlegg 2012

I 2012 vart 175 av tilsaman 226 søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg godkjent. Avkortinga i 2012 var på 10,6 prosent og det betyr ei total utbetaling på 60,4 millionar kroner.

Idrettsanlegg 2011

I 2011 løyvde Stortinget ei ramme på 60 millionar kroner til ordninga med momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Søknadsfristen vart flytta til 15. august 2011.

Totalt fekk vi inn 108 søknader dette året, med eit søknadsbeløp på 34 835 715 kroner. Status, etter endeleg klagehandsaming, var at 76 søkjarar har fått kompensert til saman 26 728 211 kroner. 32 søknader vart avslått eller avvist. Ramma for 2011 vart heller ikkje brukt opp, slik at dei som fekk innvilga søknaden sin i 2011, fekk kompensert 100 prosent av det godkjende søknadsbeløpet.

Her finn du meir informasjon:

Idrettsanlegg 2010

For søknadsåret 2010 løyvde Stortinget ei samla ramme på 50 millionar kroner til ordninga med momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Søknadsfristen var 15. oktober 2010. På grunn av den seine søknadsfristen blei det bestemt at sakshandsaminga kunne halde fram i 2011.

Totalt fekk vi inn 76 søknader med eit søknadsbeløp på til saman 18 716 458 kroner. Etter klagehandsaminga var det 53 søkjarar som fekk 14 330 509 kroner i kompensasjon. 23 søkjarar fekk avslag. Det betyr at ramma ikkje blei brukt opp, og dei som fekk innvilga søknaden sin, fekk kompensert 100 % av det godkjende søknadsbeløpet.

Her finn du meir informasjon: