Fleire frivillige lag og organisasjonar kan få inntekter frå bingo. Du kan få overskot frå den lokale bingoen eller arrangere bingo sjølv.
Slik kan du motta overskot frå ein profesjonell bingo
Organisasjonar som er godkjent som lotteriverdige, kan søke om bingospel med entreprenør.
Kva er ein lotteriverdig organisasjon?
Når ein organisasjon har søkt om å bli lotteriverdig og fått slik godkjenning, kan organisasjonen søke om å arrangere store lotteri eller bingo. Les meir om korleis din organisasjon kan bli godkjent som lotteriverdig.
Dette betyr at det er ein profesjonell aktør som arrangerer bingoen på vegner av eitt eller fleire lag. For bingo med entreprenør vil det vere den profesjonelle parten som koordinerer innsending av søknader om bingospel frå foreiningane, og som står for rekneskapsrapportering frå bingoen.
Søk om å ta del i entreprenørbingo
Gå til søknadskjemaetSøknadsfristen er 15. oktober for å kunne ta del i bingoen frå nytt år.
Bingoløyve
Den enkelte foreining eller organisasjon kan få eitt bingoløyve per år.
Lag og organisasjonar som er med på entreprenørbingo får vanlegvis utbetalt sin del av overskotet fire gonger i året – ein gong per kvartal.
Autorisasjon for bingoarrangørar
Aktørar som skal halde bingo på vegner av godkjende lag og organisasjonar, må vere autoriserte. Det er Lotteritilsynet som etter søknad autoriserer entreprenørar og innehavarar av lokale som skal brukast til lotteri og bingo.
Søk om autorisasjon
Gå til søknadsskjemaSkjema for eigenskapsvurdering (egnethet) av speltilbydarar finn du her.
Rapportere bingorekneskap
Bingoentreprenørar pliktar å sende inn rekneskapsrapport etter at bingoløyvet er ferdigspelt. Ved spel i pott med fleire organisasjonar skal rekneskapsrapportering og utbetaling gjerast ein gong i kvartalet.
Gå til oversikt over rapporteringsfristar.
Rapporter rekneskap her
Gå til rapporteringsskjemaHer finner du lenker til andre rapporteringsskjema for bingoentreprenør: