Det siste året har vi prioritert å vidareutvikle det førebyggande tilsynsarbeidet vårt, som eit viktig ledd i å sikre forsvarleg forvaltning av stiftelsar. Vi har og jobba mykje med lov- og høyringsarbeid, og ikkje minst satsa meir på strategiske samarbeid med andre.
Skal vi sikre forsvarleg forvaltning og trygge stiftelsar, må vi ha ressursar til å ta i bruk dei sterkaste verkemidla i dei alvorlegaste sakene. Dette er i tråd med oppdraget vårt, strategien vår og samfunnet sine forventningar.
Dei fleste stiftelsane ønsker å følge lova. Når vi jobbar førebyggande, kan vi nå dei stiftelsane som gjerne vil gjere ting rett, men som manglar den nødvendige kunnskapen eller kompetansen. Vi kan då førebygge og avgrense alvorlege konsekvensar, samtidig som vi hjelper brukarane våre til å ta kunnskapsbaserte val. Rettleiing og dialog kan vere effektive verkemiddel. Vi ser også at samarbeid med andre tilsynsorgan, enten om enkeltsaker eller på eit meir strategisk plan, kan vere nyttig for både stiftelsane og oss.
Som eit ledd i det førebyggande arbeidet med å styrke brukarane våre starta vi tidleg i 2021 med å sende brev til nye styremedlemmer. Målet er å gi dei ei god innføring i kva ansvar styret i ein stiftelse har. I brevet viser vi dei til nettstaden vår, der dei finn informasjon og rettleiingsvideoar.
Veit meir om korleis stiftelsane jobbar med å realisere formåla
For å gi god rettleiing må vi vende blikket utover og finne ut kvar skoen trykker. I 2021 har vi gjennomført tematilsyn med formålsrealisering i norske stiftelsar. Gjennom systematiske likearta tilsyn med 36 stiftelsar har vi fått nyttig informasjon og auka kunnskap om korleis stiftelsane jobbar med formålsrealisering.
Vi har også erfart at det er relativt enkelt å etablere dialog med heile styret gjennom videokonferansar. Slik kan vi auke kompetansen til heile styret og gi dei ei felles plattform, samtidig som vi sikrar god informasjonsflyt til oss.
Både læring og kunnskapsdeling
Anbefalingar og funn frå tematilsynet gir oss ny kunnskap som vi kan dele med alle stiftelsar.
Vi meiner at erfaringsdeling kan vere med på å redusere risikoen og forbetre arbeidet med formålsrealisering for fleire. Det er også stor interesse for slik kunnskap i stiftelsane.
Vi ser blant anna at:
- Dei fleste stiftelsane jobbar godt med formålet.
- Dei gode ønsker å bli betre.
- Dei ønsker informasjon og rettleiing om korleis dei kan styrke arbeidet med formålsrealisering.
- Vi styrkar kontakten med stiftelsane i tilsynet, gjennom dialog undervegs.
- Det er interesse frå mange aktørar for å få tilgang til erfaringar og anbefalingar for å styrke og utvikle arbeidet.
Som ein viktig del av tematilsynet har vi rettleia tilsynsobjekta og samtidig delt kunnskap med andre stiftelsar og samarbeidsaktørar. Dette har vi gjort ved å legge ut oppdatert informasjon på nettstaden vår og å delta på ulike seminar.
Sjølv om også 2021 har vore prega av koronapandemien, har vi hatt høve til å delta på fleire arenaer der vi har møtt stiftelsar og samarbeidsaktørar. Dette er viktig for å auke forståinga vår av utfordringane stiftelsane møter, samtidig som vi får delt kunnskapen vår med og om stiftelsar.
Viktig med betre tilpassa regelverk
Stiftelsestilsynet skal vere ein tydeleg og relevant samfunnsaktør. Vi er nasjonalt tilsynsorgan for stiftelsar, og ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er å medverke til å forbetre og utvikle regelverket. Den nye stiftelseslova lar framleis vente på seg, noko som er ei utfordring for både stiftelsane og andre aktørar. Sommaren 2021 blei fleire tema knytte til ei ny stiftelseslov sende på høyring. Denne høyringa vekte eit stort engasjement, og skapte debatt om stiftelsane si stilling i samfunnet generelt.
Vi la vesentlege ressursar i høyringssvaret vårt, sidan vi meiner det er naturleg og viktig å bidra med våre kunnskapar og erfaringar i dette lovarbeidet. Dette og anna høyringsarbeid krev ressursar og tid, men gir resultat når innspela våre fører til større kunnskap om stiftelsar hos lovgivar. Det kan gi eit regelverk som er betre tilpassa stiftelsar som organisasjonsform.
Meir automatisering av søknadar
På søknadsfeltet har vi etter kvart fått god erfaring med bruken av dei prosesstyrte saksflytane som vi innførte i 2019. Bruken av saksflytar automatiserer i større grad enn tidlegare behandlinga av søknader.
Noko av det viktigaste arbeidet for å sikre effektivitet og rett resultat, gjer vi likevel når vi rettleiar stiftelsane om lovkrava til omdanning og om kva dokumentasjon dei må sende inn. Dette gjeld både før dei sender søknaden, og undervegs i saksbehandlingsprosessen. Vi har i samarbeid med Brønnøysundregistera forbetra nokre elektroniske søknadsskjema. Fleire andre skjema er under arbeid.
Dette er eit utdrag frå årsrapporten vår. Her finn du heile rapporten. På side 44-57 kan du lese mer om arbeidet vårt i 2021.
Mål for Lotteri- og stiftelsestilsynet
Eitt av måla våre er at vi skal sikre ei forsvarleg forvaltning av stiftelsar.
Vi skal ha:
- effektive tilsyns- og kontrolltiltak basert på risikoanalyse
- effektiv og rett saksbehandling i forvaltningssaker
Vi skal vere ein tydeleg og relevant samfunnsaktør.