Foto: Dagrun Reiakvam

Koronapandemien prega oss gjennom heile 2021. Det vi i 2020 tenkte på som ein spurt, skulle vise seg å bli ein maraton. For Lotteri- og stiftelsestilsynet har pandemien bydd på mange, store oppgåver å løyse. Det har vore både krevjande og givande. 

Gjennom pandemien har Lotteri- og stiftelsestilsynet forvalta kompensasjonsordningar for frivilligheita, og for oss har denne jobben hatt høgaste prioritet. Å få rask og rettmessig kompensasjon for tapte inntekter på grunn av koronapandemien har vore eit vere eller ikkje vere for frivillige lag og organisasjonar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre ei sterk frivilligheit.  

Vårt inntrykk som forvaltar er at ordningane i hovudsak har treft godt, og at dei har verka positivt. Dei har hjelpt frivilligheita på vegen til normal drift etter pandemien.  

Frå pandemien råka oss i starten av 2020, og til og med 2021 har Lotteri- og stiftelsestilsynet stått for saksbehandling og utbetaling av 3,5 milliardar kroner knytt til kompensasjonsordningane. Det har kravd alt frå forskriftsarbeid, systemutvikling, informasjonsarbeid og saksbehandling til etterkontroll. Heile vegen har vi jobba i tråd med strategien vår – for å styrke brukarane, blant anna ved å forenkle og effektivisere for frivilligheita.  

Heile vegen har vi jobba i tråd med strategien vår – for å styrke brukarane, blant anna ved å forenkle og effektivisere for frivilligheita.

Då Riksrevisjonen reviderte staten si forvaltning av krisepakkane i mai 2021, kom Lotteri- og stiftelsestilsynet godt ut. For oss er rapporten ei stadfesting på at det var rett å prioritere etablering av ei effektiv og brukarvenleg forvaltning av kompensasjonsordningane.  

Å omprioritere ressursar for å forvalte ordningane har i høgaste grad vore rett, men det har også kosta. Vi har rekruttert arbeidskraft for å ta unna nye oppgåver, men har også måtta flytte erfarne tilsette internt. Vi har levert fullt forsvarleg på alle kjerneoppgåvene til tilsynet, men har på grunn av prioriteringane ikkje hatt full framdrift på alle andre område. 

Ny pengespellov på trappene – og tiltak som gir resultat

På pengespelområdet har vi prioritert ressursar til  lov- og forskriftsarbeid. Det har vore prioritert frå departementet, og det er viktig for oss at vi får ei ny og moderne lov.  

Gjennom pandemien har vi sett at spelarar i enda større grad har flytta seg til digitale plattformer. Vi har følgt einerettsaktørane tett for å sikre at dei følger opp med ansvarlegheitstiltak som hjelper personar med speleproblem. 

I 2021 har vi også sett at mange års arbeid for å stenge ulovlege, utanlandske spelselskap ute har bore frukter. Betalingsformidlingsforbodet, reklameforbodet og summen av tiltaka våre har effekt. Vi flyttar spelarar frå ulovlege spel til dei norske, lovlege spela.

Samtidig ser vi at vedtaka våre blir prøvde i retten. I løpet av 2021 vann staten to rettssaker mot ulike spelselskap, der det blei stadfesta at den norske einerettsmodellen er i tråd med EØS-retten. 

Lovarbeid og førebygging

Stiftelsestilsynet har prioritert førebyggande arbeid også i 2021. Dei fleste stiftelsane ønsker å følge lova, og ved å jobbe førebyggande når vi dei som vil gjere rett, men som manglar kunnskapen for å gjere det. Slik kan vi avgrense alvorlege konsekvensar – og hjelpe brukarane våre til å ta kunnskapsbaserte val.  

Å dele kunnskap og innsikt om norske stiftelsar sine bidrag til samfunnet er ein viktig del av arbeidet vårt.

For å gi god rettleiing må vi rette blikket utover og finne ut kor skoen trykker. Gjennom tematilsyn med 36 stiftelsar har vi fått nyttig kunnskap om korleis dei jobbar med å realisere formåla sine. Funna kan vi dele med alle stiftelsar – noko vi meiner kan bidra til å redusere risikoen for fleire.  

I 2021 blei fleire tema knytte til ny lov om stiftelsar sende ut på høyring. Vi la ned mykje arbeid i høyringssvaret vårt, sidan vår kunnskap om og erfaring med stiftelsar er viktig i lovarbeidet.  

Å dele kunnskap og innsikt om norske stiftelsar sine bidrag til samfunnet er dessutan ein viktig del av arbeidet vårt som tydeleg og relevant samfunnsaktør. Trass i pandemien har vi deltatt på fleire arenaer der vi har møtt stiftelsar og samarbeidsaktørar, og bidratt med vår innsikt.  

Sjølvstyrte lag og kompetanseutveksling på tvers

I 2020 jobba vi med ei omorganisering i tilsynet. Den nye organiseringa blei innført frå 2021 og skal gjere oss enda betre rusta for oppdraga våre i dag og i framtida. Sjølvstyrte lag, og ikkje minst tverrgåande lag, legg til rette for auka samarbeid og kompetanseutveksling på tvers av organisasjonen. 

Eit viktig grep vi gjorde i 2021, var å skilje ut frivilligheit som ei eiga avdeling. Det meiner vi var eit tidsriktig og vellykka grep. Dei seinare åra har Lotteri- og stiftelsestilsynet fått ein betydeleg større oppgåveportefølje på frivilligheitsområdet, også når vi ser bort frå situasjonen under pandemien.  

Over tid har vi bygd opp fagkompetanse, og vi har utvikla moderne og brukarvenlege systemløysingar. Vi er dermed godt rusta til å bidra med vår del av det samla statlege verkemiddelapparatet på frivilligheitsområdet. Det blei ytterlegare stadfesta på tampen av 2021, då vi blei bedne om å forvalte kompensasjonsordninga for kultursektoren for 2022.  

Eit meir fleksibelt arbeidsliv

Under pandemien har våre tilsette, til liks med mange andre, arbeidd frå heimekontor i lange periodar. Kartleggingar vi har gjort, viser at både trivsel, effektivitet og ergonomi stort sett er varetatt. Mange verdset fleksibiliteten med heimekontor, og gjennom pandemien har også vi blitt meir digitale. Men når vi møtest sjeldnare, går vi også glipp av noko.

Mangelen på det kollegiale og sosiale som ein først og fremst får ved å møtast fysisk, påverkar organisasjonen. Spesielt utfordrande er det når nytilsette skal bli kjende med arbeidsplass og kollegaer.  

Eg vil rette stor takk til alle tilsette som har stått på og vore særdeles omstillingsvillige i ein periode som har utfordra oss på mange vis.

No ser vi verkeleg fram til å møtast oftare ansikt til ansikt. For organisasjonen og fagmiljøa våre reknar vi med at det vil ha ein positiv effekt å komme tilbake til ein normalsituasjon, då med noko meir fleksible ordningar enn det som var vanleg tidlegare.

Når samfunnet no er meir ope , skal vi halde reiseaktiviteten vår på eit moderat nivå. Samtidig er det viktig for vår type forvaltnings- og tilsynsområde at vi kan møte brukarane igjen.  

Etter mi vurdering har Lotteri- og stiftelsestilsynet oppfylt dei krava som styrande dokument for 2021 stiller til oss. Vi har handtert oppdraga med kompensasjonsordningar og situasjonen med heimekontor på ein svært god måte. Og trass i flytting av interne ressursar har vi utført prioriterte forvaltnings- og tilsynsoppgåver på fagområda pengespel og stiftelsar gjennom heile pandemiperioden.

Eg vil rette ein stor takk til alle tilsette som har stått på og vore særdeles omstillingsvillige i ein periode som har utfordra oss på mange vis.  

I årsrapporten som du finn under kan du lese meir om året 2021 i tilsynet.

God lesnad!