Du kan klage på vedtak som er gjort av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Dersom du vil klage, må du sende klagen til Lotteri- og stiftelsestilsynet innan tre veker etter at du fekk vedtaket.

Vi vurderer saka på nytt når vi får klagen. Dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet ikkje finn grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klagen vidare til Lotterinemnda, som er eit uavhengig klageorgan.

Ver merksam på at partane etter forvaltningslova har rett til innsyn i dokumenta i saka. Du kan også få tilkjent sakskostningar.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål om klage på vedtak vi har gjort.

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Postboks 800, 6805 FØRDE
tlf. 57 82 80 00, e-post: postmottak@lottstift.no