Åtvaring frå Lotteritilsynet: Ikkje la deg lure av Lyoness

Lotteritilsynet klaga, men politiet opprettheld at dei legg vekk Lyoness-saka på grunn av kapasitetsomsyn. -Dette betyr ikkje at Lyoness driv lovleg. Dei har lurt mange nordmenn, og vi vil åtvare mot selskapet.

Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem der inntektene i hovudsak kjem frå verving av deltakarar. I løp av få år har 175 000 nordmenn og 1000 bedrifter blitt verva til å delta.

Nesten 15 000 menneske har betalt nær 500 millionar kroner til Lyoness, utan å få handfaste produkt med tilsvarande verdi i retur.

-Den ulovlege verksemda har ramma både ressurssterke grupper og sårbare grupper, som unge, uføre og eldre. Fleire har brukt sparepengane sine og tatt opp lån. På same tid ser vi at pengane har gått til Lyoness, og til sentrale deltakarar som sit på toppen av pyramideverksemda, seier Monica Alisøy Kjelsnes, seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.

Har ikkje lov å ha aktivitet i Noreg 

Lyoness- saka har pågått i fleire år:

Monica Alisøy Kjelsnes
– At politiet har lagt vekk saka betyr ikkje at Lyoness driv lovleg i Noreg, seier Monica Alisøy Kjelsnes i Lotteritilsynet.

-At politiet har lagt vekk saka på grunn av ressursar betyr ikkje at Lyoness driv lovleg i Noreg. Vedtaket vårt om at dei må stanse all aktivitet i Noreg står fast. Lyoness har lurt mange, og vi oppmodar alle om å halde seg unna dei, seier Kjelsnes.

-Vi har klart å stanse mesteparten av den ulovlege aktiviteten i Noreg, og det er vi fornøgde med. På same tid ser vi at Lyoness sit att med stor økonomisk vinning frå ein aktivitet som inneber grove brot på lova, og at det er mange skadelidande i saka. Men vi har forståing for at det kan vere vanskeleg for politiet å prioritere ei så ressurskrevjande sak slik situasjonen er no.

Mange spør kva dei skal gjere 

Lotteritilsynet har fått mange spørsmål frå personar som har tapt pengar på Lyoness.

-Vi har ikkje mynde til å pålegge selskapet å betale tilbake pengane. Dei som ønskjer det må fremje krav mot selskapet, avsluttar Kjelsnes.