– Det betyr at vi endeleg er kvitt den ulovlege tv-reklamen. Dette er verkeleg ein siger for sårbare spelarar, seier direktør Atle Hamar. 

3. november blei det kjent at Discovery trekker søksmålet mot staten, som gjeld forbodet mot å distribuere TV-reklame for pengespel som er ulovlege i Norge.  

Frå 1. januar 2021 trådde ei lovendring i kraft, som gjer det mogleg for norske styresmakter å stoppe tv-reklame for pengespel som ikkje har norsk tillatelse, sjølv om denne reklamen blir sendt frå utlandet. Det var to aktørar som sendte slik reklame den gongen, men tv-selskapet Nent stoppa reklamen då lova blei innført. 

– Endeleg slutt

I vår påla Medietilsynet tv-distributørane å stoppe marknadsføringa av utanlandske, ulovlege pengespel på Discovery sine tv-kanalar.  

På Discovery-kanalane FEM, VOX, MAX og Eurosport Norge blei det nemleg sendt reklame for Unibet, Betsson, Nordicbet og Betsafe. Det er utanlandske spelselskap som ikkje har lov til å tilby pengespel i Norge. Å reklamere for desse pengespela er forbode etter norsk lov.   

Etter pålegget frå Medietilsynet slutta tv-selskapet frå 15. august å sende den ulovlege tv-reklamen, i påvente av rettssaka. No er det altså klart at dei trekker søksmålet mot staten. 

– Det store omfanget av reklame, som har vore for dei utanlandske spelselskapa på tv, har vore med å oppretthalde eit ulovleg pengespeltilbod i Norge. Derfor er det så viktig for sårbare spelarar at det no endeleg er slutt på denne eksponeringa, seier Hamar. 

Viktig for å beskytte spelarane 

55.000 spelarar i Norge har nemleg problem med pengespel, og 122.000 er i risikosona for å få det. Auka eksponering for reklame, mellom anna denne tv-reklamen, blir peika på som ei av årsakene til det er mange med speleproblem i Norge. Det viser den siste befolkningsundersøkinga frå Universitetet i Bergen.  

Hamar understrekar at Lotteritilsynet følger tett med på om reklamen for dei ulovlege selskapa flyttar seg til andre arenaer.  

– Når den nye pengespellova trer i kraft over nyttår vil vi aksjonere mot influensarar, idrettsprofilar og andre kjente personar som reklamerer for ulovlege pengespel. Influensarar risikerer bot på fleire hundre tusen kroner for å bryte lova, åtvarar Hamar.