Lotteritilsynet held fast på at Norsk Tipping må kutte kostnadane til marknadsføring med minst 20 prosent i år. Norsk Tipping må dermed redusere marknadsføringa med meir enn 45 millionar kroner i 2023.

– Det er ei heilt ny verkelegheit i den norske pengespelmarknaden. Dei ulovlege aktørane er borte frå TV-skjermane, og Norsk Tipping er nesten åleine i dei mest effektive marknadsføringskanalane. Då forventar Lotteritilsynet at einerettsaktøren skal vere klar til å gjere store endringar på kort tid, seier direktør i Lotteritilsynet, Atle Hamar.

Einerettsaktørane kan ikkje marknadsføre seg meir enn det som er strengt nødvendig for å lede spelelysta i befolkninga inn til trygge og ansvarlege pengespel. For Norsk Tipping betyr dette at marknadsføring deira må vere tilpassa marknadsføringstrykket frå dei ulovlege pengespelselskapa, som Unibet og Betsson.

Held fast på 20 prosent reduksjon

Vedtaket kjem etter at Norsk Tipping fekk varsel om vedtak 5.mai i år. Her varslar Lotteritilsynet at Norsk Tipping må redusere kostnadane til marknadsføring med minst 20 prosent. Lotteritilsynet har, etter innspel frå Norsk Tipping, justert grunnlaget for kuttet frå 314 millionar kroner til 227,5 millionar kroner.

– Vi har fått meir detaljkunnskap om reklamekostnadane til Norsk Tipping, som medfører at kravet til kostnadskutt vert redusert frå 63 til 45 millionar kroner, seier Hamar.

Lotteritilsynet held i denne omgang mellom anna utanfor nokre av kostnadane knytt til marknadsføring og sponsorat.

– Dette er ikkje ei «friskmelding» av det som vert helde utanfor kutta. Lotteritilsynet vil fortsette å ha tilsyn knytt til reklame og marknadsføring. For Norsk Tipping vil vi spesielt sjå på korleis sponsorat er knytt til marknadsføring og gå grundigare inn i sponsoravtalene.

Må svare innan 11. august

Trass i vedtaket meiner Lotteritilsynet at Norsk Tipping vil ha gode vilkår for å marknadsføre seg også i framtida.

– Norsk Tipping si merkevare står støtt. Som einerettsaktør i den norske marknaden er det ikkje eit mål å tene mest mogeleg pengar. Dei skal gi folket eit ansvarleg pengespeltilbod, og bidra til at det er minst mogeleg pengespelproblem, seier Hamar.

Norsk Tipping har frist til 11.august 2023 med å komme med ei tilbakemelding på korleis selskapet vil innrette seg etter vedtaket. Dei kan også klage saka inn til Lotterinemda.

Alle lovlege aktørar må tilpasse seg

Endringa i den norske pengespelmarknaden vil også få følgjer for dei andre lovlege aktørane.

– Vi har oppretta eit liknande tilsyn med Norsk Rikstoto, men her er ikkje prosessen komme like langt. Også dei andre lovlege norske aktørane må tilpasse seg endringane i reklametrykket frå dei ulovlege aktørane. Lotteritilsynet vil ha fokus på dette i tilsyna våre framover, seier Hamar.