I Stiftelseslova §§ 26-33 finn du regler for styret sin samansetjing. Lova stiller ulike krav til kven som kan vere medlemmer av styret i stiftelsen.

Krav til styret

Juridiske personar kan ikkje vere styremedlemmer i ein stiftelse. Lova gjer unntak der ein stiftelse er fellesforvaltar etter stiftelseslova. Umyndige personar, eller personar som kan setjast i konkurskarantene etter konkurslova, kan heller ikkje vere styremedlemmer.

Vidare slår stiftelseslova fast at minst halvparten av medlemmene av styret skal vere busette i riket, med unntak av statsborgarar av ein EØS-stat som er busette i EØS-området.

I stiftelseslova er det bestemt at følgjande personar verken kvar for seg eller samla kan vere einaste medlem av styret i ein stiftelse:

  • den som har gitt ein formuesverdi som inngår som grunnkapital i stiftelsen – merk at dette ikkje nødvendigvis er opprettaren av stiftelsen
  • nærståande til den som har gitt slik formuesverdi til stiftelsen
  • person som har tillitsverv i, eller står i tilsetjingsforhold eller anna underordningsforhold til, den som har avgitt slik formuesverdi til stiftelsen
  • den som er nærståande til ein som har bestemmande innverknad over ein juridisk person som har gitt formuesverdi som inngår som grunnkapital i stiftelsen

Er det berre to personar i styret, kan ein person som nemnt ovanfor heller ikkje vere styret sin leiar. Reglane i § 27 gjeld tilsvarende for varamedlemmar og observatørar.

Utdeling av midlar

Det er Stiftelseslova §19 som regulerer utdeling av stiftelsen sine midlar. Les meir om styret sine plikter i samband med utdeling i tolkingsuttale om § 19 i Stiftelseslova (PDF).

Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.