Dette er ei godkjenning alle organisasjonar må ha på plass i løpet av 2024 dersom dei skal arrangere eller motta inntekter frå lotteri, bingo eller andre pengespel i 2025. Organisasjonar som mottar eller skal søke tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping, må også ha ny godkjenning frå Lotteritilsynet. Dersom du ikkje har søkt og treng godkjenning for 2025, rådar vi til at du søker så raskt som mogleg.

Du treng ikkje søke om ny godkjenning dersom organisasjonen berre skal arrangere pengespel (lotteri, basar og bingo) med samla omsetning under 200 000 kroner i eit kalendarår.

OBS! Vi får ein del spørsmål om Grasrotandelen til Norsk Tipping blir rekna som del av samla omsetning under 200 000 kroner. Det blir den ikkje, då Grasrotandelen ikkje er eit pengespel som organisasjonen arrangerer. Les meir om vilkåra for pengespel med omsetning under 200 000 kroner her.

Dette risikerer de ved å ikkje søke

Lovendringa betyr at organisasjonen frå og med 1. januar 2025 ikkje kan arrangere pengespel med samla omsetning over 200 000 kroner per kalenderår utan å få ny godkjenning. De kan heller ikkje tilby og få overskot frå bingoverksemda utan ny godkjenning.

Nokre organisasjonar kan likevel arrangere pengespel utan løyve eller ny godkjenning. Føresetnaden er at den samla omsetninga ikkje er over 200 000 kroner i løpet av eitt kalenderår. Grensa på 200 000 kroner gjeld samla for alle pengespel (f.eks. basarar, lotteri og bingo) i løpet av eitt kalenderår. Overskotet må gå til eit ikkje-fortenestebasert formål. I tillegg må pengespelet vere av regionalt eller lokalt omfang, og det er ikkje tillatt å bruke medhjelpar.

Kva organisasjonar kan få ny godkjenning?

Det nye lovverket legg nokre krav til grunn for å kunne bli godkjent. Organisasjonen må etter pengespellova § 18

  • vere registert i Frivilligregisteret (dette gjeld ikkje kringkastarar)
  • ha frivillig innsats som ein viktig del av verksemda
  • ikkje vere tilgjengeleg berre for ein lukka krets
  • ikkje drive verksemd som gir privatøkonomiske fordelar

Førehandsgodkjenning av kringkastarar

Kringkastarar må vere førehandsgodkjente for å få løyve til å tilby bingo i lokalradio eller lokalfjernsyn. Kringkastaren må ha konsesjon etter kringkastingslova til å tilby lokalradio eller lokalfjernsyn. Konsesjonen må på søknadstidspunktet vere tatt i bruk og hatt aktivitet i siste seks månadane.

Sjå § 39 i pengespelforskrifta.

Kva organisasjonar blir ikkje godkjente etter ny lov?

Vilkåra i pengespellova § 19 og pengespelforskrifta § 38  avgrensar kva overskot frå pengespel kan nyttast til. Desse vilkåra legg i praksis føringar på kva organisasjonar som kan tilby og motta overskot frå pengespel, og bli godkjente etter nytt regelverk.  

Her er nokre vilkår:

  • Organisasjonar som har verksemd som hobby- eller fritidsaktivitet for vaksne blir ikkje godkjente, med mindre dei også har ein vesentleg del av verksemda som er retta mot barn og unge under 18 år. Dei kan då bli godkjente for den delen av verksemda.
  • Organisasjonar som berre er tilgjengelege for ein lukka krets blir ikkje godkjente. Dette gjeld organisasjonar der ein for eksempel må inviterast eller anbefalast inn av eksisterande medlemmer.
  • Organisasjonar som driv verksemd som gir privatøkonomiske fordelar for medlemmane kan heller ikkje godkjennast. Døme på dette er fagforeiningar og yrkes-, nærings- og arbeidslivsorganisasjonar.
  • Organisasjonar som utfører verksemd som er organisert av eller på vegne av det offentlege ved at stat, fylkeskommune eller kommune gjennom å oppnemnte styremedlemmer eller på annan måte kan påverke eller legge føringar for verksemda, kan ikkje bli godkjente.

De kan lese meir om regelverket i pengespellova og pengespelforskrifta.

Gebyr for ny godkjenning er 2 000 kroner per organisasjon. 

OBS! Sjølv om organisasjonen får ny førehandsgodkjenning, må de likevel søke om tillatelse til å arrangere pengespel med samla omsetning over 200 000 kroner per kalenderår

Fann du ikkje svar på det du lurer på? Send ein epost til ny@lottstift.no.