Etter to lange år med pandemi såg det ut som om 2022 skulle bli
året der samfunnet og vi gjekk tilbake til normalen. Men året hadde
knapt starta før vi fekk nye store oppdrag som utfordra oss. Når vi
ser tilbake, går 2022 inn i rekka som eit av våre mest krevjande år,
men vi har nok ein gong levert.

I både 2020 og 2021 var heile det norske samfunnet prega av koronapandemien. Vi forvalta krisepakkar og tilskotsordningar for frivilligheita gjennom heile perioden, og gav jobben høgaste prioritet. Ved slutten av 2021 såg vi fram mot eit nytt år og til å ta att det tapte på andre frontar. Slik skulle det ikkje bli.

Les heile årsrapporten for 2022 (pdf).

Ved inngangen til 2022 blei det klart at Kultur- og likestillingsdepartementet flytta ansvaret for den mellombelse kompensasjonsordninga for kultursektoren frå Kulturrådet til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Dette for å sikre god og effektiv behandling av søknadene, med kortast mogleg behandlingstid og rask utbetaling.

Med andre ord skulle vi gjere oss kjende med ein heilt ny søkarmasse og gjere nye digitale løysingar tilgjengelege på kort tid. Erfaringane frå dei siste to åra gjorde at vi kunne levere i rekordfart, men oppdraget kravde store omprioriteringar. Innsatsen frå dei tilsette har vore avgjerande for at vi har lykkast så godt med arbeidet. Det gjeld både dei som jobba direkte med ordninga, og dei som måtte løyse andre oppgåver med reduserte ressursar.

I tillegg til kompensasjonsordninga for kultursektoren har vi også i 2022 jobba med tilskotsordningane til idrett og frivilligheit i samband med koronapandemien. Dessutan fekk vi to nye mellombelse ordningar på frivilligheitsfeltet: tilskotsordning for mangfald og inkludering – og ikkje minst straumstøtteordning for frivillige lag og organisasjonar.

Dei tre siste åra har vi verkeleg tatt store steg i arbeidet med å utvikle brukarvennlege, effektive system for frivillig sektor og for saksbehandling. Arbeidet vi har lagt ned her, kjem heile det frivillige Noreg til gode. Samtidig som vi gler oss stort over dette, ser vi at andre område i tilsynet står i kø. Her har vi behov for nytenking og oppgradering for å kunne levere like gode digitale løysingar til brukarane våre.

Vi skriv historie – med nye verkemiddel

Stadig færre nordmenn spelar pengespel hos ulovlege tilbydarar. Saman med Medietilsynet gler vi oss over at 2022 blei året då vi endeleg fekk stoppa den ulovlege TV-reklamen som i årevis har rekruttert nye spelarar til ulovlege speltilbod. For første gong har vi tatt i bruk tvangsmulkt overfor ulovlege pengespelselskap, med dagbøter på 1,2 millionar kroner. Det var først då dei måtte begynne å betale tvangsmulkt, at Trannel International, som står bak spelsider som Unibet og Maria Casino, la fram ein plan for å trekke seg ut av Noreg.

På oppdrag frå Lotteritilsynet har Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning (SPILLFORSK) ved Universitetet i Bergen undersøkt dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av problemspeling. Våren 2022 presenterte dei resultata sine. Estimata viser at problema pengespel skaper, kostar samfunnet meir enn 5 milliardar kroner i året. Med dette i bakhovudet er det ekstra gledeleg at vi har fått ei heilt ny pengespellov, som gjer det tydeleg at ansvarlegheit er det viktigaste omsynet i den norske einerettsmodellen.

Førebygging og auka kunnskap avgjerande for stiftelsane

Samfunnsoppdraget til Stiftelsestilsynet er å sikre trygg forvaltning av stiftelsar i Noreg og auke kunnskapen om den samfunnsmessige betydninga til stiftelsane. Også i 2022 har vi prioritert førebyggande tilsynsarbeid – for å hjelpe dei mange stiftelsane som ønsker å gjere rett. Eit tematilsyn der vi såg på korleis eit større utval stiftelsar jobbar med å realisere formåla sine, danna grunnlaget for vidare arbeid med risikobaserte tilsyn med habilitet og nærståande transaksjonar.

Ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er å vere leiande i å bygge opp og formidle kunnskap og truverdig informasjon om alle områda våre. På stiftelsesområdet ser vi at vår rolle som kunnskapsbyggar er sentral. Derfor har vi i 2022 sett i gang ei større undersøking av norske stiftelsar sine verdibidrag til samfunnet. Vi erfarer dessutan at strategiske samarbeid med andre aktørar og tilsynsorgan blir stadig viktigare. Derfor gjennomførte vi for første gong eit samordna tilsyn med eit anna direktorat. Det hjelper oss med å sikre at vi bruker ressursane våre effektivt, at vi utviklar felles kompetanse, og at vi i enda større grad når måla våre.

Viktig tilbakemelding frå fornøgde brukarar

Ifølge strategien vår skal vi jobbe for å styrke brukarane våre. Gjennom god rådgiving skal vi vere ekspertane som gjer det enkelt for brukarane å ta kunnskapsbaserte val. Lotteri- og stiftelsestilsynet gjennomfører jamleg undersøkingar for å få tilbakemelding om kor tilfredse brukarane våre er. Resultata frå 2022 viser at vi har fornøgde brukarar med høg tillit til oss.

Dette er viktig. Vi er avhengige av tillit i jobben med å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. For det er nettopp det vi jobbar med kvar dag. Korleis vi jobbar for å løyse samfunnsoppdraga våre, kan du lese meir om i resten av årsrapporten.

Etter mi vurdering har Lotteri- og stiftelsestilsynet oppfylt dei krava som styrande dokument for 2022 stiller til oss, og handtert nok eit ekstraordinært år på ein god måte.

God lesnad!