Krisepakke 3 gjaldt for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. Søknadsfristen var 15. januar 2021. De blir puljevise utbetalingar framover. Vi planlegg ei større utbetaling i veke 4.

Nøkkeltal søkarar

Det samla søknadsbeløpet er på 1 317 069 924 kroner. Søkarane kan få tildelt mellom 50 og 70 prosent av godkjent søknadsbeløp, det tilsvarer 874 477 364 kroner.

  • Vi har fått inn 6595 søknader
  • Det er søkt om støtte for 25 153 arrangement og annen aktivitet
  • 5891 organisasjoner har søkt

Her kan du sjå liste over søkarar

I krisepakke 3 kunne det søkast om:

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag på grunn av at andre sitt arrangement eller anna spesifisert aktivitet er heilt eller delvis avlyst, stengt eller utsatt.
  • For anna spesifisert aktivitet kunne det også søkast om kompensasjon for inntektsbortfall som har nær og naturlig tilknytning til tapte billett- og utleieinntekter.

Utvalde nøkkeltal

Puljevis utbetaling

Vi planlegg ei større utbetaling i veke 4.

Tredje utbetaling 11. januar var på nær 134 millionar kroner. Dette omfattar 4 214 arrangement og anna aktivitet frå 1158 søknadar. Totalt er det utbetalt over 281 millionar kroner for over 8 500 arrangement og aktivitetar så langt i krisepakke 3.

Last ned oversikt over tredje utbetaling 11. januar 2021.

Last ned liste over samla utbetaling i krisepakke 3