Ledige stillingar

Akkurat no er vi på leit etter to utviklarar og ein dokumentasjonsforvaltar til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Vi ser etter junior- eller seniorutviklarar

Gir det meining for deg å forenkle prosesssar og tenester, slik at desse blir lettare og meir tilgjengelege for brukarane? Synes du det er kjekt å jobbe med problemløysing i eksisterande og nyutvika løysingar? Då kan du vere den vi ser etter!

Vi treng fleire utviklarar som veit korleis den gode brukaropplevinga blir skapt, og ser no etter to nye utviklarar. Du kan vere nyutdanna innan programmering, eller du kan ha ha brei erfaring og eit ønske om å vidareutvikle deg i vårt kompetansemiljø. Vi har kontorplass i Førde, men kan også legge til rette for at du jobbar frå heimekontor der du bur.

Les meir om og søk stillingane som junior eller seniorutviklar her. Søknadsfrist 6. juni.

Er du vår nye dokumentasjonsforvaltar?

Stortrivast du med å jobbe strukturert og nøyaktig med digital dokumentasjonsforvaltning? Har du eit sterkt ønske om å vidareutvikle deg i eit kompetansemiljø? Då kan du vere personen vi ser etter. Du kan vere både nyutdanna eller ha erfaring frå liknande arbeid.

Les meir om og søk stillinga som dokumentasjonsforvaltar her. Søknadsfrist 6. juni.

Bli kjent med folka våre

Sindre Aldal Johannessen er trainee i kommunikasjon og strategistaben vår. Han er tilsett gjennom traineeordninga til Framtidsfylket. 

– Du får prøvd deg i ulike roller og testa mange forskjellige oppgåver. På den måten lærer du mykje om kva du trivast med og kva du eventuelt ikkje likar å jobbe med, seier Sindre om traineetilværet.

Les meir her.

Sindre hadde aldri vore i Førde før han flytta hit i august, og angrar ikkje på at han tok sjansen på å flytte frå Bergen til Førde. Foto: Dagrun Reiakvam

Finn ut meir om korleis det er å jobbe i Stiftelsestilsynet

Karsten Karlsen Sunde og Lena Rebecka Wiström Vefring er blant våre tilsette som rettleiar norske stiftelsar.

–  Eg sparrar mykje med kollegaene mine. Vi har ein kultur der det er veldig enkelt å spørre kvarandre. Ein blir betre desto fleire som engasjerer seg og kjem med innspel, fortel Karsten om arbeidsplassen.

Bli betre kjent med Karsten og Lena sin arbeidskvardag i Stiftelsestilsynet her.

Karsten Karlsen Sunde frå Jessheim er jurist i Stiftelsestilsynet. – Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Foto: Dagrun Reiakvam

Les korleis vi jobbar på avdeling for frivilligheitsstøtte

Justin Mulindabigwi og Marianne Alværen Torset er blant dei som jobbar for å sikre ei sterk frivilligheit i Norge.

– Arbeidet med å forvalte statlege midlar er viktig for å dra frivillig sektor vidare. Det synest eg er givande, seier Justin om jobben.

Justin Mulindabigwi frå Rwanda er rådgivar på avdelinga for frivilligheitstøtte i Lotteri- og stiftelsestilsynet. – Eg trivst rett og slett veldig godt.

Dei siste åra har avdelinga forvalta fleire nye tilskotsordningar.

– Det har vore mykje nybrottsarbeid. Ting har gått i ekspressfart. Vi har verkeleg sett betydninga av det vi gjer, i endå større grad enn vi gjer til vanleg. Det har vore eit behov for å få pengar ut raskt, og det er noko vi verkeleg har jobba for å få til. Det har vore veldig utviklande både for avdelinga og på eit personleg plan, seier Marianne Alværen Torset.

Les meir om jobben til Justin og Marianne på avdelinga for frivilligheitsstøtte her.

Slik er det å jobbe på pengespelavdelinga

Silje Sægrov Amble har jobba som jurist i Lotteritilsynet sidan 2006.

– Lotteri- og stiftelsestilsynet er mykje meir enn mange veit før dei startar å jobbe her. Her er verkeleg gode moglegheiter for å få brukt seg, til å skape noko saman med andre og å gjere ein forskjell. Det er meiningsfulle samfunnsoppdrag, seier Silje om jobben.

Silje Sægrov Amble frå Førde er jurist på pengespelavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet. – Det er ei god blanding i kollegiet, mellom nytilsette og folk som har vore her lenge. Foto: Dagrun Reiakvam
Silje Sægrov Amble frå Førde er jurist på pengespelavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet. – Det er ei god blanding i kollegiet, mellom nytilsette og folk som har vore her lenge. Foto: Dagrun Reiakvam

Bli betre kjent med Silje og korleis det er å jobbe på pengespelavdelinga her.

Slik er sommarvikarjobben

Kvart år tilset vi sommervikarar på dei ulike avdelingane våre. Vi vil gjerne gi deg eit innblikk i korleis det er å bruke sommaren hos oss. Difor har vi snakka med fjorårets sommarvikarar:

FJORÅRETS VIKARAR: Tuva Eline Eriksen Høgelid (frå venstre), Johanne Grue Reiten, Thea Sofie Bygstad, Martin Gjerde Skrede og Eirin Alvilde Nordeide var sommarvikarar i Lotteri- og stiftelsestilsynet i 2021. – Det kjekkaste var at eg fekk jobbe så sjølvstendig. Eg blei kasta ut i det, men fekk god opplæring og oppfølging, seier Martin Gjerde Skrede.

– Først og fremst var eg ute etter å finne ein sommarjobb der eg kunne bruke den juridiske kunnskapen frå studiet. Det var dette ei unik moglegheit for. Det å faktisk få bruke det eg har lært i praksis, det var veldig kjekt, seier Martin Gjerde Skrede.

Les meir i større intervju her: – Veldig kjekt og lærerikt