Her finn du nøkkeltal, statistikk og tildelingar i dei ulike tilskotsordningane Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar.
På tilskudd.no kan du sjå alle tildelingar frå Lotteri- og stifteselsestilsynet.
Tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner frå speleoverskotet til Norsk Tipping
I 2025 har vi betalt ut over 1, 2 milliardar kroner til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
Den 2. desember 2025 betalte vi ut 559, 1 millionar kroner til organisasjonane som søkte om tilskot hausten 2025. Vi mottok 56 søknadar innan fristen 1. september. 44 søknadar blei godkjent og 12 søknader blei avslått.
I juni 2025 fekk tre av organisasjonane som utfører oppgåver som er sentrale for norsk redning og beredskap tildelt over 648 millionar kroner. Desse var fordelt slik:
- Norges Røde Kors: 383, 2 millionar kroner
- Redningsselskapet: 236, 5 millionar kroner
- Norsk Folkehjelp: 29, 1 millionar kroner
Sjå oversikt over mottakarar og tildelt beløp på tilskudd.no. Du kan også sjå oversikt over søkarar og mottakarar på denne sida.
Les meir om tilskotsordninga og vilkåra for å søke her.
Nøkkeltal momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar to ulike ordningar.
- Sjå nøkkeltal for momskompensasjon på varer og tenester
- Sjå nøkkeltal for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg
Straumstøtteordninga
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar straumstøtteordninga til frivillige lag og organisasjonar som regjeringa oppretta med bakgrunn i dei ekstraordinære straumprisene.
556 frivilligsentralar fekk tilskot for driftsåret 2025
334 kommunar på vegne av 556 frivilligsentralar fekk godkjent søknad om tilskot til frivilligsentralar for driftsåret 2025.
I februar betalte vi ut 265 millionar kroner til kommunane, som vidarefordelte desse midlane til frivilligsentralane. Det vil seie at kvar frivilligsentral fekk 477 101 kroner i tilskot. Søk i tabellen under for å sjå kva frivilligsentralar som fekk tilskot.
Mangfald og inkludering
I 2022 fikk vi inn over 1070 søknader med en søknadssum på over 570 millioner kroner, og 250 søkere fikk til sammen 100 millioner kroner. Les meir om tilskotsordninga.
Tilskotsordningar grunna covid-19-restriksjonar
Du kan søke i tildelingar på tilskudd.no
På nettsida tilskudd.no kan du søke i tildelingar til frivillige lag og organisasjonar. Der finn du tildelingar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet og andre aktørar.
tilskudd.no