Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass i Førde. Hos oss jobbar det nesten 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt. Vi er éin samla arbeidsplass, men består av to tilsyn: Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet.

Ledige stillingar

Slik er det å jobbe hos oss

Hos oss jobbar det ei god blanding av nytilsette og rutinerte travarar, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Blant våre tilsette er folk med bakgrunnar som juristar, økonomar, statsvitarar, utviklarar, journalistar – og mykje meir!

Vi har gode ordningar med fleksitid, trening i arbeidstida, kantineordning og moglegheit for heimekontor. Hos oss er det eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Det er mange toppturentusiastar på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med til fjells. Om topptur ikkje er di greie, så har våre tilsette fri tilgang til Sunnfjord Spa. Der er det treningsrom og svømmebasseng, i tillegg til sjølve spaet. Eller kanskje du heller vil bli med på quiz-laget vårt på Peppes? Vi har også fast quiz i kaffibaren i 5. etasje kvar dag etter lunsj for dei som vil vere med på det.

Bli litt betre kjent med arbeidsplassen gjennom videoen under.

Kva gjer vi?

Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske stiftelsar og norske pengespeltilbydarar driv i samsvar med lova. Og vi skal stenge dei ulovlege pengespeltilbydarane ute frå Norge. Dessutan forvaltar vi fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.