Denne delen av tilskotsordninga gjeld organisasjonar som fekk momskompensasjon i 2020. Søknad sendast inn i form av eit eigenerklæringsskjema, med frist 20. april 2021.

Det er 255 millionar kroner som skal fordelast i denne delen av ordninga. De kan forvente å få utbetalt rundt 15 prosent av beløpet de fekk i momskompensasjon.

I eigenerklæringsskjemaet må de stadfeste at organisasjonen har tapte inntekter eller meirkostnadar som følgje av covid-19- restriksjonar eller offentlege råd eller anbefalingar.

Er de eit lokallag som er medlem i ein sentral organisasjon skal det sentrale leddet søke for dykk. Døme på sentralledd er Norges idrettsforbund og Røde Kors. Enkeltståande organisasjonar sender inn eigenerklæring sjølv.

Formålet med ordninga er å hjelpe sektoren gjennom covid-19-krisa ved å stimulere til aktivitet innanfor rammene av smittevernrestriksjonar, gitt av styresmaktene  som følge av covid-19.

Sjå spørsmål og svar om ordninga.

Slik fyller du ut eigenerklæringa

  1. Logg inn med ID-porten
  2. Velg organisasjon
  3. Stadfest eigenerklæringa
  4. Send inn

Når eigenerklæringa er sendt inn vil du motta ein e-post med kvittering på at den er registrert.

Søknadsfristen er 20. april.

Lever eigenerklæring

De kan søke på momskompensasjon generell ordning på vanleg måte, sjølv om de søker på denne ordninga. Momskompensasjonsordninga blir opna for søknadar tidleg i mai, og søknadsfristen er 1. september.