Ny 'Forskrift om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner' vart vedteken i oktober 2018, og gjeld frå søknadsåret 2019.

Les meir om endringane i forskrifta her.

Søknadsåret 2020

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal i 2020 fordele 1,685 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2019 er grunnlaget for søknaden i 2020.

Frå og med søknadsåret 2020 skal alle søknadar sendast inn på eit nytt elektronisk søknadsskjema. Vi gjer merksam på at de ikkje kan bruke gamle excelmalar i opplastinga av rekneskapinformasjon.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. september kvart år, og utbetaling skjer i midten av desember.

Dersom organisasjonen er knytt til eit sentralledd enten organisatorisk og/eller gjennom vedtekter (for eksempel Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinnes Sanitetsforening eller liknande), så skal søknaden sendast via sentralleddet. Ver spesielt merksam på at sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidligare enn vår frist. Les meir om dette her.

Påverkar korona søknadsprosessen?

Søknadsprosessen om momskompensasjon i 2020 er lagt opp som vanleg. Situasjonen blir vurdert fortløpande. Følg difor med på våre nettsider for eventuelle endringar.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har mottatt fleire spørsmål som går på gjennomføringa av årsmøter for frivillige organisasjonar. For aksjeselskap og stiftelsar er det vedtatt eigne forskrifter om at årsmøte kan gjennomførast digitalt, og for aksjeselskap også at årsmøte eller generalforsamling kan gjennomførast seinare enn det som er vedtektsfesta. Det er ikkje vedtatt utsetjing av dei lovbestemte fristane om at ordinær generalforsamling og årsmøte skal gjennomførast, og at årsrekneskapen skal fastsettast innan seks månadar etter rekneskapsårets slutt. For dei fleste vil dette vere 30.juni.

Dei fleste frivillige organisasjonar er organisert som foreiningar, og det finst ikkje eigne forskrifter for desse. Aksjelova vert sett på som ei rettesnor for god drift av foreiningar, og kan brukast så langt det passar. I praksis vil det seie at foreiningane kan legge til grunn at dei kan gjennomføre årsmøte digitalt, og gjennomføre årsmøte seinare enn vedtektsfesta. Det betyr også at dei bør fastsette årsrekneskapen innan seks månader etter rekneskapsårets slutt.

Kva organisasjonar kan få momskompensasjon?

Målgruppa for ordninga går fram av § 3 i forskrifta. Kort forklart er målgruppa aktive og frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret,  men avgrensa til:

  • demokratiske ikkje-økonomiske foreiningar
  • trus- og livssynsorganisasjonar
  • stiftelsar – det er stiftelsens eigenaktivitet som er grunnlag for vurderinga av om det blir drive verksemd som fell inn under ordninga. Utdeling av midlar til frivillig verksemd tilfredsstiller i seg sjølv ikkje kravet til frivillig verksemd

Organisasjonar som vil ha kompensasjon må levere rekneskap, revisjonsmelding og årsmelding saman med søknaden. Sjekk og om organisasjonen har krav om å levere revisorrapport.

Kva organisasjonar og verksemd kan ikkje få momskompensasjon?

I tillegg til å vere i målgruppa stiller forskrifta ei rekkje krav som må oppfyllast for å kunne motta kompensasjon. Les meir om dette her.