Søknaden må innehalde vedlegga nedanfor. Alle vedlegg må sendast inn saman med ferdig utfylt søknadsskjema. Hugs at søknad med vedlegg blir offentleg tilgjengeleg når du sender inn søknad.

Vedlegg C1: Godkjent og signert årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding

Dette gjeld både for sentralleddet og enkeltstående søkarar.

Vedlegg C2: Rekneark

Tala du skal fylle inn i søknadsskjemaet, hentar du frå reknearket. Bruk den versjonen som passer best for din organisasjon. Enkeltstående søkarar treng ikkje å sende inn rekneark.

Vedlegg C3: Revisorrapport

Revisorrapporten er obligatorisk for:

  • Alle sentralledd.
  • Enkeltståande søkarar og lokallag, regionallag eller aksjeselskap med meir enn tre millionar kroner i totale driftskostnader.

Les meir om revisjon, og finn malar for revisorrapportar.

Vedlegg C4: Transaksjonsliste

Enkeltståande søkarar og sentralledd må legge ved transaksjonsliste som dokumenterer søknadsbeløpet. For kvar transaksjon må du spesifisere:

  • Hovudbokskonto
  • Kontonamn
  • Bilagsnummer
  • Inngåande meirverdiavgiftssats
  • Bruttobeløp (beløp inklusiv meirverdiavgift)
  • Meirverdiavgiftsbeløp

Dersom rekneskapen er ført i eit rekneskapssystem kan du kanskje ta ut ei liste som tilfredsstiller krava? Eventuelt kan de bruke vår mal som er i samsvar med forskrifta:

Malen kan også brukast av underledd som skal sende inn transaksjonsliste til sentralleddet sitt.

Søknadsskjema

Du kan velje to ulike måtar å søkje på – elektronisk skjema eller papirskjema (PDF). OBS: Søknadsfristen gjekk ut 1. september 23.59. Lenke til søknadsskjema er derfor fjerna.

Elektronisk skjema

Skjemaet er enkelt å fylle ut. Merk deg følgjande:

  • Du kan når som helst lagre søknaden og logge ut for å fortsette utfyllinga seinare.
  • Du kan berre ha opent eitt søknadsskjema om gangen.
  • Du får stadfesting på at søknaden er sendt inn.
    Dersom du ikkje har fått stadfesting, betyr det at vi ikkje har motteke søknaden din.
    Sjekk søknadsstatus her.

Bruk denne framgangsmåten:

    1. Finn fram obligatoriske vedlegg og søknadstal.
    2. Opne skjemaet og logg deg på.
    3. Fyll ut skjemaet. Du får informasjon og rettleiing undervegs.
    4. Last opp obligatoriske vedlegg og reknearket som inneheld søknadstala.
    5. Send inn søknaden.
    6. Skriv ut kopi om ønskjeleg.
    7. Logg ut eller start på ny søknad.

Meir informasjon om MinID og korleis du kan opprette brukarkonto finn du på nettsidene til Direktoratet for forvatning og IKT (Difi).

Papirskjema

Dersom du ikkje har MinID, kan du sende inn søknadsskjema på papir. Slik går du fram:

    1. Last ned søknadsskjema (PDF med skrivefelt).
      (OBS: ikkje skriv i skjema før du har lasta ned til eigen PC)
    2. Fyll ut skjemaet og eigenerklæringa. Du avgjer sjølv om du vil skrive for hånd eller på datamaskin, men signaturen må vere handskriven.
    3. Skann skjemaet og send det via e-post saman med vedlegga til postmottak@lottstift.no eller send skjemaet i posten til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.