Søknaden må innehalde vedlegga nedanfor. Alle vedlegg må sendast inn saman med ferdig utfylt søknadsskjema. Hugs at søknad med vedlegg blir offentleg tilgjengeleg når du sender inn søknad.

Vedlegg B1:  Godkjent og signert årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding

Dette gjeld både for sentralledd og enkeltstående søkere.

Vedlegg B2:  Rekneark

Dette gjeld kun sentralledd, samt enkeltståande som søkjer med papirskjema. Frå reknearket hentar du tala som de skal fylle inn i søknadsskjemaet. Bruk den versjonen frå lista nedenfor som passer best for din organisasjon:

Vi har også utarbeidd malar for rekneark som sentralledd kan bruke i si innhenting av tal fra underledd. Det er enkelt å overføre talmaterialet frå underledd til samlearket som sentralleddet skal levere saman med søknaden.

Vedlegg B3:  Revisorrapport

Revisorrapporten er obligatorisk for

  • Alle sentralledd
  • Enkeltstående søkarar og lokallag/regionallag/aksjeselskap med meir enn fem millioner kroner i totale driftskostnader

Les meir om revisjon og finn malar for revisorrapportar.

Søknadsskjema

Du kan velje to ulike måter å søke på – elektronisk skjema eller papirskjema (PDF). OBS: Søknadsfristen gjekk ut 1. september 23.59. Lenke til søknadsskjema er derfor fjerna.

Elektronisk skjema

Skjemaet er enkelt å fylle ut. Merk deg følgjande:

  • Du kan når som helst lagre søknaden og logge ut for å fortsette utfyllinga seinare.
  • Du kan berre ha opent eitt søknadsskjema om gangen.
  • Du får stadfesting på at søknaden er sendt inn.
    Har du ikkje fått stadfesting, så betyr det at vi ikkje har mottatt søknaden din.
    Sjekk søknadsstatus her.

Bruk følgjande framgangsmåte:

    1. Finn fram obligatoriske vedlegg og søknadstal.
    2. Opne skjemaet og logg deg på.
    3. Fyll ut skjemaet. Du får informasjon og rettleiing undervegs.
    4. Last opp obligatoriske vedlegg og reknearket som inneheld søknadstala.
    5. Send inn søknaden.
    6. Skriv ut kopi om ønskjeleg.
    7. Logg ut eller start på ny søknad.

Du finn meir informasjon om MinID og korleis du opprettar brukar på nettsidene til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Papirskjema

Dersom du ikkje har MinID, kan du sende inn søknadsskjema på papir. Slik går du fram:

    1. Last ned søknadskjema (PDF med skrivefelt).
      OBS: ikkje skriv i skjema før du har lasta ned til eigen PC.
    2. Fyll ut skjemaet og eigenerklæringa. Du avgjer sjølv om du vil gjere det for hand eller på datamaskin, men signaturen skal være handskriven.
    3. Skann skjemaet og send det via e-post saman med vedlegga til postmottak@lottstift.no eller send skjemaet i posten til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.