Merk: søknadsfristen er ute, lenke til søknadsskjema er tatt bort.

Du kan velje to ulike måtar å søkje på – elektronisk skjema eller papirskjema (PDF).

Elektronisk skjema

Skjemaet er enkelt å fylle ut. Merk deg følgjande:

  • Du kan når som helst lagre søknaden og logge ut for så å halde fram med utfyllinga seinare.
  • Du kan berre ha ope eitt søknadsskjema om gongen.
  • Du får stadfesting på at søknaden er sendt inn.
    Har du ikkje fått stadfesting, så betyr det at vi ikkje har mottatt søknaden din.

Bruk følgjande framgangsmåte:

    1. Finn fram obligatoriske vedlegg og søknadstal.
    2. Opne skjemaet og logg deg på.
    3. Fyll ut skjemaet. Du får informasjon og rettleiing undervegs.
    4. Last opp obligatoriske vedlegg og reknearket som inneheld søknadstala.
    5. Send inn søknaden.
    6. Skriv ut kopi om ønskjeleg.
    7. Logg ut eller start på ny søknad.

Du finn meir informasjon om MinID og korleis du opprettar brukar på nettsidene til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Papirskjema

Dersom du ikkje har MinID, kan du sende inn søknadsskjema på papir. Slik går du fram:

    1. Last ned og lagre søknadskjemaet på maskina di (PDF med skrivefelt).
      OBS: ikkje skriv i skjema før du har lasta ned til eigen PC.
    2. Fyll ut skjemaet og eigenerklæringa. Du avgjer sjølv om du vil gjere det for hand eller på datamaskin, men signaturen skal være handskriven.
    3. Skann skjemaet og send det via e-post saman med vedlegga til postmottak@lottstift.no eller send skjemaet i posten til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.