To modellar

De må velgje ein av desse søknadsmodellane:

  • Forenkla modell som tek utgangspunkt i totale driftskostnader.
  • Dokumentert modell som tek utgangspunkt i reelle meirverdiavgiftskostnader.

Vilkår

  • Organisasjonar som består av fleire ledd, må bruke same modell for alle ledd.
  • Siste års rekneskap skal leggast til grunn for berekninga, uansett om de følgjer kalenderåret, eller om de har avvikande rekneskapsår.

Kva er skilnaden?

I forenkla modell får de kompensasjon uavhengig om det er meirverdiavgift på kostanden. Til eksempel inngår då løn i grunnlaget. Kompensasjonen er maksimalt  av dei totale driftskostnadane.

I dokumentert modell får de dekka faktiske meirverdiavgiftskostnader som maksimalt er 25 %. Denne modellen er noko meir arbeidskrevjande. Den krev at de er i stand til å lage ei oppstilling over alle rekneskapsbilag med spesifisert meirverdiavgift som de ønskjer å få kompensert.

Alle må ha reviderte rekneskap, men i forenkla modell må alle søkarar/ledd i organisasjonen som har over fem millioner kroner i totale driftskostnader, også levere revisorrapport «ISRS 4400 – Avtalte kontrollhandlingar» frå ein kommunerevisor, registrert revisor, eller statsautorisert revisor. I dokumentert modell gjeld dette kravet søkarar/ledd med over tre millionar i totale driftskostnader.

Dersom de søkjer dokumentert må de gjere frådrag for kostnader knytt til den meirverdiavgiftspliktige delen av verksemda, dersom den inngåande avgifta kan trekkast frå. De må også gjere frådrag for totale driftskostnader knytta til verksemd som har rett til kompensasjon gjennom lov om kompensasjon av meirverdiavgift for kommune, fylkeskommune m.v.

I forenkla modell slepp  med mindre enn ein million kroner i totale driftskostnader, å gjere slike frådrag. Det same gjeld underledd som har mindre enn fem millioner kroner i totale driftskostnader.

I tillegg må dei som søkjer dokumentert, gjere frådrag for kostnader som nemnt i lov om meirverdiavgift § 8-3 første ledd og § 8-4 første ledd. Det vil seie blant anna servering, leige av selskapslokale i samband med servering, samt kjøp, drift og vedlikehald av personkjørety.

Velg modell


Søk forenkla                                                
Søk dokumentert